Kort fortalt

Grøn og innovativ forsking i Vestland

Opprettar nytt FoU-forum.

NPK
23.04.2021

Det nyoppretta «FoU-forum Vestland» skal få fram forsking som gir innovasjon for næringsliv og offentleg sektor i Vestland fylke.

Forumet er sett saman av representantar frå næringsliv, kommunal sektor, andre offentlege aktørar og forskingsorganisasjonar.

I oppstartsfasen arbeider dei mellom anna med å få fram gode søknadar frå Vestland fylke til regjeringa si «Grøn plattform»- utlysing. Regjeringa stiller ein milliard til disposisjon for forsking og utviklingsprosjekt som kan gi «grøne jobbar og ei meir berekraftig framtid».

– FoU-forum er ein viktig arena som skal koordinere støtte til forsking og utviklingsarbeid i fylket. Dette inneber mellom anna utveksling av erfaringar og informasjon, i tillegg til samarbeid om søknadsprosessar og gjennomføring av større prosjekt og satsingar, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling i ei pressemelding.

FoU-forumet blei til på initiativ frå Vestland fylkeskommune og blir også leidd av fylkeskommunen. Forumet fungerer som ei fagleg arbeidsgruppe for Næringsforum Vestland. Andre medlemmer i forumet er Sogn og Fjordane næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, KS, Bergen kommune, Universitetet i Bergen, NORCE, Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Noreg, Forskingsrådet, Regionalt forskingsfond Vestland og Statsforvaltaren i Vestland.

Publisert: 23.04.2021 14:03

Sist oppdatert: 23.04.2021 14:05