Kort fortalt

Grønt lys for Nerlandsøybrua

Vil bruke 826 millionar på Herøy-brua.

Marius Rosbach
29.08.2022

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal innstilte måndag på å bruke 826 millionar kroner for å bygge Nerlandsøybrua.

Politikarane sa ja til å inngå kontrakt med eit arbeidsfellesskap som består av Egersund-selskapet Bertelsen & Garpestad og Oslo-selskapet Metrostav Norge.

Saka skal vidare til fylkestinget for endeleg vedtak.

Samla ramme for bygging av sjølve brua er rekna å vere 751 millionar. Det er ei auke i kostnadene på siden førre styringsramme som var på 638 millionar, ifølgje saksutgreiinga.

Hovudårsaka til prisaauken er prisane på stål og betong. I tillegg kjem kostnader til prosjektering, grunnerverv og riving av den eksisterande brua.

Den nye brua mellom Bergsøy og Nerlandsøy skal stå ferdig i mars 2025.

Publisert: 29.08.2022 16:26

Sist oppdatert: 29.08.2022 16:27

Mer om