Kort fortalt

Gründerar vil satse på krabbeskal

Samarbeider med Møreforsking.

Marius Rosbach
15.02.2021

(NPK): Eit lokalt gründerselskap samarbeider med Møreforsking for å få krabbeskal til å lønne seg.

Møreforsking og gründer Arne Ragnar Ørstavik frå Volda samarbeider om å finne metodar for å få etablert ein lønnsam, berekraftig industri på skalavfall. Målet er å utvinne stoffet kitosan frå krabbeskall på ein rein og rasjonell måte, skriv Sunnmørsposten.

Stoffet kan brukast til vassrensing, impregnering av treverk og fiskenøter, kosttilskot, konserveringsmiddel, soppdreping og bioplast.

Det vanlegaste er å nytte rekeskal til denne produksjonen, men gründaren, som driv selskapet Frar AS, fortel at dei ikkje får tak i rekeskal i Noreg. Han gjekk difor for krabbeskal, og byrja å samarbeide med Hitramat AS som prosesserer taskekrabbe. Fabrikken kastar 1.250 tonn krabbeskal kvart år, noko som utgjer om lag 125 tonn kitosan. Satsinga kallar dei for Hitra Chitosan AS.

Les meir: Jaktar verdi i krabbeskal

– Må ta seg råd til å handtere heile fisken

(©NPK)

Publisert: 15.02.2021 13:10

Sist oppdatert: 15.02.2021 13:13

Mer om