Kort fortalt

Usikker på om det kan bli barnetog

Stor uvisse fortel helsedirektøren.

Marius Rosbach
03.01.2022

(NPK-NTB): Helsedirektør Bjørn Guldvog varslar at det kan bli endå eit år utan barnetog og store selskap på 17. mai.

Nasjonaldagsfeiringa har i to år vorte prega av korona. Etter gjenopninga såg det lyst ut med tanke på ei meir normal feiring i år.

– Eg er ikkje like sikker no. Vi kan få endå eit år utan barnetog og store selskap på 17. mai, seier Guldvog til P4.

Det er mellom anna omikronvarianten og den store uvissa rundt denne som vil avgjere korleis nasjonaldagen blir.

(©NPK)

Publisert: 03.01.2022 09:52

Sist oppdatert: 03.01.2022 09:55

Mer om