Kort fortalt

Går på dagen frå Nynorsk Kultursentrum

– Det er spenningar i styret.

NPK
06.11.2023

(NPK): 1. november blei det kjend at Olav Øyehaug Opsvik blir ny direktør i Nynorsk kultursentrum. Ei snau veke seinare blir det kjent at Reidar Sandal trekkjer seg som styreleiar.

Reidar Sandal trekkjer seg som styreleiar i Nynorsk kultursentrum med umiddelbar verknad, melder han i eit skriv til Kultur- og likestillingsdepartementet måndag 6. november.

– Det er spenningar i styret som er årsaka til at eg no går av som styreleiar, seier Sandal.

Avtrappinga finn stad berre nokre dagar etter at Olav Øyehaug Opsvik blei tilsett som ny direktør i Nynorsk kultursentrum.

– Styret er godt nøgd med å få Øyehaug Opsvik som direktør. Vi har god tru på at han vil vere ein samlande leiar som evnar å profilere Nynorsk kultursentrum på ein offensiv måte, uttala Sandal under allmøtet der tilsettinga gjekk føre seg førre veke.

(©NPK)

Publisert: 06.11.2023 20:24

Sist oppdatert: 06.11.2023 20:28

Mer om