Kort fortalt

Haldningskampanje mot ulykker til sjøs

Vil gjere båtførarar meir merksame.

29.05.2019
NPK: Haldningskampanjen «Det som er dumt i bil, kan også være dumt i båt. - Løft blikket», skal bidra til at folk blir meir merksame når dei fører fritidsbåt. Sjøfartsdirektoratet, Kystverket og Redningsselskapet står bak kampanjen.
– Sjølv om mobiltelefonar og moderne navigasjonsutstyr bidrar til å styrke tryggleiken til sjøs, stel dei ofte konsentrasjonen til båtføraren. Om ein er uoppmerksam i kombinasjon med for eksempel høg fart eller mørke kan det føre til farlege situasjonar, seier Rikke Lind, generalsekretær i Redningsselskapet i ei pressemelding.
Statens havarikommisjon (SHT) publiserte i mars ein rapport som viser at halvparten av alle dødsulykker med fritidsbåt kjem av kantring eller fall over bord. Andre årsaker til dødsfall er nedkjøling eller drukning som følge av for sein varsling av ulykker. Tal frå Sjøfartsdirektoratet viser at 23 personar omkom ved bruk av fritidsfartøy i norsk farvatn i 2018.
– Riktig bruk av vest, tilgjengeleg varslingsutstyr, bruk av dødmannsknapp og leider som ein kan nå frå vatnet, er effektive førebyggande tiltak, seier sier fungerende sjøfartsdirektør Lars Alvestad i pressemeldinga.
Det pågår også eit arbeid med ein nasjonal handlingsplan mot fritidsbåtulykker.

Publisert: 29.05.2019 15:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34