Halvparten opplever svekt økonomi
Seks av ti kjøper færre ting enn før.
(NPK): Ei nye forbrukarundersøking viser at annankvar nordmann opplever svekt økonomi samanlikna med for eit år sidan. Seks av ti kjøper færre ting enn før.
Det er hovudorganisasjonen Virke som har gjennomført undersøkinga.
– Annankvar forbrukar opplever svekt kjøpekraft. Viss situasjonen held fram vil den smitte over i ein nedgåande spiral for handels- og tenestenæringa. Fleire av medlemmene våre innanfor handelssegmentet opplever allereie sviktande omsetning. Det er bakteppet når regjeringa snart presenterer forslaget sitt til statsbudsjett, seier Bernt G. Apeland, administrerande direktør i Virke, i ei pressemelding.
Varehandelen sysselset i dag meir enn 350.000 menneske. Det svarer til fleire enn heile fastlandsindustrien og petroleumssektoren til saman. Apeland fortel at ein større del av medlemmene deira no ser mørkt på framtida.
– Spesielt aktørar innanfor byggjevare, elektronikk, møblar og interiør slit med omsetninga når folk får dårlegare råd. Det er viktig at desse bransjane ikkje hamnar i blindsona til politikarane. I forslaget til statsbudsjett burde derfor føreseielegheit for næringslivet vere overskrifta, seier Apeland.
(©NPK)
Publisert: 19.09.2023 10:48
Sist oppdatert: 19.09.2023 10:48