Kort fortalt

Har identifisert likfunnet

Herøy-båt fann utanlandsk fiskar.

02.05.2019
Politiet har i samarbeid med Kripos identifisert liket som Herøy-trålaren Remøy fekk i trålen 4. april i Smuttholet.
Det viser seg å vere ein utanlandsk statsborgar, skriv.
Avisa skriv at det dei først fekk opp frå 240 meters djupne først såg ut som ei gamal oljehyre som var kasta på havet, men ved nærare ettersyn viste det seg at arbeidstøyet inneheldt eit lik.
Politiet har ikkje opplyst identiteten til liket sidan pårørande ikkje er varsla, men Dagbladet viser til at 21. april 2016 forsvann ein då 27-28 år gammel russisk fisker over bord frå den latviske snøkrabbebåten Memele.
Liket Remøy fekk i reketrålen vart funne berre rundt 1,7 kilometer unna staden den russiske fiskaren fall over bord.

Publisert: 02.05.2019 10:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35