Kort fortalt

Har tru på oppdrettsslam

Meiner oppdrettsslam kan gjere oppdrett meir lønsam.

NPK
21.06.2022

Det er førebels ikkje all verda ein veit om oppdrettsslam, men det ser ut til at ein betydeleg del av det består av fôr som ikkje er ete. Då kan det potensielt ha ganske høg næringsverdi og bli brukt om att.

Det går fram av ei nyheitssak frå Havforskingsinstituttet.

– Den beste måten å auke matproduksjonen, er ikkje nødvendigvis meir land til å dyrke på, men å minke svinnet i sjølve matsystemet, seier Erik-Jan Lock, forskingssjef ved Havforskingsinstituttet.

Oppdrettsslam blir samla opp under merdane og består av fôr og avføring frå fisken i merdane ovanfor. I dag hindrar lovgiving at slammet kan brukast på ein meir berekraftig måte, til dømes til vekstsubstrat.

I eit nytt prosjekt saman med Veterinærinstituttet og Sintef skal HI-forskarar samle inn 70 ulike prøver av slam.

– Så skal vi analysere dei for nærings- og framandstoff, seier Lock.

Vidare håpar forskarane å finne måtar som kan behalde slammet høgare oppe i næringskjeda. For å få det til, må slammet «gå gjennom» organismar.

– Då kan til dømes insekt gjere om slammet til noko som kan brukast i fôr – til dømes feitt eller protein. Då treng vi ikkje landbruksareal eller så mykje energi for å bruke slammet om igjen, seier forskingssjefen.

Publisert: 21.06.2022 16:45

Sist oppdatert: 21.06.2022 16:46

Mer om