Kort fortalt

Har undersøkt arbeidsforhold

Mange vegrar seg for å varsle.

20.05.2019
NPK-NTB: Berre 52 prosent av dei som har oppdaga kritikkverdige forhold på jobben, vel å varsle. Personleg belasting blir oppgitt som hovudårsaka til å ikkje seie frå.
16 prosent meiner å ha sett kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, ifølgje ei undersøking Kantar TNS har gjennomført på vegner av Fafo og Arbeidstilsynet.
Likevel har berre 52 prosent av desse varsla om det dei såg, skriv Klassekampen. Blant dei andre, som har sett kritikkverdige forhold, men valt å ikkje varsle, svarer 44 prosent at årsaka er at ubehaget ved å varsle ville vorte for stort.
35 prosent av ikkje-varslarane har opplevd at varsling tidlegare har ført til store belastningar. 15 prosent svarer at det å varsle ville trua karrieremoglegheitene.
Direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet seier det får store konsekvensar for samfunnet dersom kritikkverdige forhold ikkje blir handtert.
– Det gjer at samfunnet og verksemdene mistar moglegheita til å rette opp i kritikkverdige og ulovlege forhold, seier ho.
39 prosent av varslarane svarer at det hjelpte å seie frå, 19 prosent svarer at dei vart utsette for sanksjonar, og 70 prosent svarer at dei ville varsla om liknande forhold igjen.
Det var 3.955 respondentar i spørjeundersøkinga.

Publisert: 20.05.2019 08:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34