Kort fortalt

Hareid Group veks på landstraum

Levere sin femte konteiner.

Marius Rosbach
23.11.2022

Hareid Group leverer no den femte landstraumkonteinaren «HG Shore Power» sidan produktet blei lansert i fjor.

Dei har til no fått bestillinger på løysinga frå Myklebust verft, Larsnes Mek. Verksted, Aas Mek. Verksted og Vard, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Ved bruk av landstraum slepp skipa og bruke hjelpemotorar til kai, noko som gir reduserte utslepp. Løysinga gir også betre arbeidsmiljø for de tilsette på verfta og besetninga. Konteineren er enkel å plassere og kan bli tilpassa alle lavspentsystem, heiter det i meldinga.

Publisert: 23.11.2022 18:49

Sist oppdatert: 23.11.2022 18:51

Mer om