Kort fortalt

Haustregnet gir lågare straumprisar

Magasina fyllest opp.

21.09.2018
NPK-NTB: Mens fyllingsgrada i vasskraftmagasina går opp, er straumprisane på veg ned. Prisane har falle kraftig dei to siste vekene.
Førre veke regna det fleire terawattimar (TWh) ned i vasskraftmagasina våre, som gir drivstoff til dei 1.600 vasskraftverka i Noreg. Fyllingsgraden auka med 4 prosentpoeng til nærmare 70 prosent, mens normalen for årstida ligg rundt 85 prosent, viser tal frå NVE.
– Dette hjelper godt på kraftproduksjonen i Noreg, som består av 96 prosent vasskraft. Dei store nedbørsmengdene påverkar også straumprisane, som er redusert med rundt 40 prosent dei siste to vekene, seier rådgivar Lars Ragnar Solberg i Energi Noreg.
Tal frå straumbørsen Nord Pool viser at innkjøpsprisen på straum er redusert frå nærmare 60 øre per kilowattime den andre veka i september, til 35,5 øre i dag.
Berekna tilsig til magasina for veke 37 var heile 5,8 TWh – over det dobbelte av normalen. Også inneverande veke er det venta mykje nedbør, med eit tilsig på 4,1 TWh, noko som er 50 prosent over normalen.
Magasinfyllinga er høgast på Austlandet, mens den er lågast i Nord-Noreg.

Publisert: 21.09.2018 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37