Havbruksflåten mister batteristøtte
Enova endrar støtta til batteri i fartøy.
Enova endrar støtteprogrammet for batteri i fartøy. Støtta til havbruksflåten blir teken bort medan innsatsen mot fiskeflåten blir halden oppe.
Årsaka til at støtteprogrammet blir endra er at omstillinga til batteriløysingar i havbruksflåten har skjedd raskare enn forventa. Enova har støtta til saman 178 havbruksfartøy og 38 fiskefartøy under programmet Batteri i fartøy sidan november 2020.
– Det har vore eit markant taktskifte når det gjeld batteri i fartøy dei siste to til tre åra og særleg innanfor havbruk. No er batteriløysingar det føretrekte valet i slike fartøy og det er etablert gode verdikjeder som sikrar utvikling. Enovas oppgåve om å bidra til marknadsendring på dette området er dermed fullført, seier marknadssjef Rune Holmen i Enova i ei pressemelding.
Enova har støtta batteriinstallasjon sidan 2015 og lanserte programmet Batteri i fartøy i 2020. Støtteprogrammet skal bidra til marknadsendring der batteriløysingar blir det føretrekte valet framfor fossil framdrift.
Ifølgje Enova er kriteria for programmet heile tida justert i takt med marknadsutviklinga. Programmet vart første gong justert i 2021 der PSV (forsyningsskip) vart tekne ut av støtteordninga. Frå 2021 vart programmet retta mot havbruk og fiske, og i 2022 vart det sett ei grense på 10 millionar kroner per tilsegn som spissa satsinga mot dei minste fartøya.
Publisert: 07.03.2023 15:51
Sist oppdatert: 07.03.2023 15:53