Kort fortalt

Havet endrar farge

Blri meir grønt, ifølgje rapport.

NPK
01.08.2023

(NPK): Farga på havet speglar stoda til økosystemet – og det er i endring, syner ein ny rapport.

I ein nyleg publisert rapport hevdar forskarar at over halvparten av hava våre har endra farge dei siste 21 åra og at den globale trenden sannsynlegvis er ein konsekvens av menneskeskapte klimaendringar, skriv nettstaden forskning.no

Fargen på havet speglar stoda til økosystemet, og det er altså i endring. Spesielt i tropiske havområde nær ekvator har havet stadig vorte grønare over tid. Eit djupblått hav betyr generelt lite liv. Grønaktige hav betyr at det er meir aktivitet, spesielt frå fotosyntese av planteplankton, som til liks med plantar inneheld det grøne pigmentet klorofyll. Endringar i planktonsamfunnet vil påverke alt som lever av plankton, slik som kril, sjøfuglar og sjøpattedyr.

Studien vart publisert i tidsskriftet Nature. Det er forskarar frå amerikanske Massachusetts Institute of Technology og britiske National Oceanography Center som står bak.

(©NPK)

Publisert: 01.08.2023 10:57

Sist oppdatert: 01.08.2023 10:57

Mer om