Kort fortalt

Held fram med planane for Selje-hotell

Grønt lys frå politikarane.

03.11.2020

Styreleiar Liv Koller-Borg i Selje Hotell Invest er glade for at dei kan gå vidare med meir detaljerte planar for nytt hotell i Stad-bygda, skriv Fjordenes Tidende.

Det er klart etter at kommunestyret i Stad ga grønt lys både til å selje helsehuset og til å gå for eit privat/kommunalt samarbeid om ny symjehall.

– Det er fantastisk at vi no kan halde fram med plan A, det var det vi hadde håpa på og det som vi trur er best for alle. Forhåpentlegvis så var det ikkje berre vi som vart letta over vedtaket, men også innbyggjarane som no kan få på plass ein stor symjehall og nytt helsesenter, i tillegg til hotell, så snart som mogleg, seier Koller-Borg til avisa.

Les meir: Slik vil dei utvikle Selje


Publisert: 03.11.2020 21:14

Sist oppdatert: 17.09.2021 09:15