Kort fortalt

Held selkvoten stabil

Fiskeridirektoratet foreslår selkvote på 33.000 dyr.

27.11.2018
NPK-NTB: Etter råd frå forskarane foreslår Fiskeridirektoratet ein kvote på 26.000 grønlandssel i Vestisen og inntil 7.000 i Austisen neste år.
Forslaget vidareførerer kvotane på same nivå som i år.
Forslaget vart sendt ut til høyring måndag, og høyringsfristen er sett til 15. januar 2019. Rapporten til forskargruppa er lagt ved på .
I tråd med rådet frå forskarane foreslår direktoratet at det ikkje blir opna for fangst av klappmyss i Vestisen i 2019.
Førre veke la direktoratet fram forslag til regulering av kystsel i 2019. Med unntak av ein kvoteauke frå 25 til 32 steinkobbar i Sogn og Fjordane, foreslår direktoratet dei same kvotane for både steinkobbe og havert i 2019 som i 2018.

Publisert: 27.11.2018 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36