Kort fortalt

Hexagon Purus opnar USA- fabrikk

Håpar på sysselsette 250 arbeidarar i Dallas.

Marius Rosbach
20.09.2023

Hexagon Purus har inngått ein ti år lang leigeavtale for ein ny fabrikk i USA der dei skal utruste køyretøy med deira løysingar for hydrogendrift.

Det opplyser selskapet i ei børsmelding onsdag.

Fabrikken blir lokalisert i Dallas og vil ha opptil 250 tilsette. Lokalet er allereie på plass og gjer at produksjonen kan kome i gong allereie i andre halvdel neste år.

Fabrikken vil også ha kapasitet til å produsere batteripakker og moduler som gjer at investeringa kan kome innunder det store satsinga til amerikanske styresmakter kalla «Inflation Reduction Act»-programmet.

Seinast tysdag opna Hexagon Purus ein ny fabrikk i Tyskland. Der skal det produserast tankar for bruk av hydrogen som energiberar for skip, tog, buss og bilar. Det er den tredje fabrikken selskapet opnar i år.

Frå før er det opna ein tilsvarande fabrikk i Maryland i USA og ein batterisystem-fabrikk i Canada.

Publisert: 20.09.2023 20:03

Sist oppdatert: 20.09.2023 20:03

Mer om