Historisk dårleg for Ålesund-selskap
Halvering av inntekter for Luminell etter Glamox-oppkjøp
Luminell Norway meir enn halvverte salsinntektene i 2022, og hadde det første negative driftsresultatet i selskapet si historie.
Luminell Group, som er morselskapet, blei kjøpt opp av industrikonsernet Glamox i april 2021, og per 1.1.2022 var dei to selskapa ein del av same konsern.
I årsmeldinga skriv styret at årsaka til det store fallet i omsetning skuldast at all ekstern omsetning no går via Glamox sine salsselskap i staden for gjennom Luminell Norway.
Luminell Norway er leverandør av lys til den maritime næringa, og held til i Ålesund.
Molde-selskapet Glamox er 76 prosent eigd av selskapet Glace Holdco, og største aksjonær i selskapet er ifølge Finansavisen PE-selskapet Triton.
Tal i millionar kroner | ||
Luminell Norway | ||
2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 43,6 | 88,5 |
Driftsresultat | -0,5 | 0,5 |
Resultat før skatt | -6,1 | -0,5 |
Publisert: 27.07.2023 11:49
Sist oppdatert: 27.07.2023 11:49