NPK-NTB: Prisen på straum er 30,7 prosent høgare enn i juni 2017, ifølgje SSB. Byrået omtaler prisnivået som historisk høgt.
I juni steig prisane for elektrisitet og nettleige med 9,9 prosent, ifølgje .
Auken utgjer ein stor del av auken på 2,6 prosent i konsumprisar det siste året. Ifølgje SSB hadde auken i konsumprisindeksen dei siste tolv månadene vore på 1,6 prosent om det ikkje hadde vore oppgang i straumprisar og nettleige.
Samtidig viser byrået til ein kraftig auke i produsentprisar mellom mai og juni.
Auken er på 19,4 for elektrisitetsprodusentar, og SSB peiker på det tørre og varme vêret dei siste månadene som ein medverkande årsak.
- I juni gjekk fyllingsgraden i norske vassmagasin frå å vere på eit normalt nivå for denne tida av året til eitt lågare nivå enn medianen for perioden 1990-2017, skriv SSB.
Ein må tilbake til 2011 for å finne dyrare produsentprisar for elektrisitet enn i juni 2018.

Publisert: 10.07.2018 10:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38