(NPK): 6. mars startar eit historiske kartleggingstokt i Nordsjøen. Då tek Kartverket og Mareano-programmet i bruk ubemanna overflatefartøy (USV) for å kartleggje 675 kvadratkilometer havbotn.
– Dette er banebrytande arbeid for Kartverket og Mareano. Det er første gong vi kartlegg i dette omfanget med USV-teknologi, fortel sjefingeniør Helge Welde i Kartverket i ei pressemelding.
Til saman skal USV-en kartleggje 675 kvadratkilometer i Nordsjøen for havbotnkartleggingsprogrammet Mareano. Oppdraget er avgrensa til område frå 90 til 250 meters djup innanfor tre utvalde blokker utanfor territorialgrensa.
Dette er særleg verdifulle og sårbare område (SVO), altså havområde i Noreg med høgt biologisk mangfald og produksjon, som krev ekstra aktsemd ved menneskeleg aktivitet.
– Å ta i bruk vår avanserte USV Blue Eclipse i Mareano-programmet er eit viktig steg, og demonstrerer korleis teknologi for ubemanna fartøy kan brukast i storskala kartleggingsprosjekt. Dette oppdraget lèt oss levere dei høgopplauslege og omfattande havbotndataa Mareano krev, samtidig som vi reduserer miljøpåverknaden av undersøkingane, seier Nick Simmons, direktør for Fugros USV-tenester.
(©NPK)
Publisert: 05.03.2026 09:24
Sist oppdatert: 05.03.2026 09:24





