Kort fortalt

Hoem ny fylkesordførar

Tove-Lise Torve fekk fritak.

Marius Rosbach
13.12.2022
Fylkestinget innvilga tysdag Tove-Lise Torve (Ap) fritak frå vervet som fylkesordførar i Møre og Romsdal frå årsskiftet.

Samtidig vart Line Hatmosø Hoem (Ap) vald til ny fylkesordførar frå same tid.

Søknaden om fritak frå Torve blei vedteke mot ti stemmer, ifølgje ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Søknaden var grunngitt med at ho er tilsett som dagleg leiar i Sunndal Næringsselskap, og at det vil vere store utfordringar knytt til kombinasjon av vervet som fylkesordførar og dagleg leiar i selskapet.

Publisert: 13.12.2022 18:42

Sist oppdatert: 13.12.2022 18:45

Mer om