Jon Olav Odegard 1
FINANSIERE VEKST: Dagleg leiar Jon Olav Ødegård i Hofseth Biocare seier det nye obligasjonslånet skal sikre vekstkapital til selskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Hofseth Biocare-lån i sveitserfranc

Låner 44 millionar til 10 prosent rente.

05.05.2025

Hofseth Biocare har tatt opp eit obligasjonslån på 3,4 millionar sveitsiske franc - cirka 44 millionar kroner, skriv selskapet i ei børsmelding.

Lånet forfell til betaling 30.april 2028 og renta er på 10 prosent.

Det investorar i Sveits og Lichtenstein som er långivarar, ifølgje meldinga. Lånet skal ikkje børsnoterast. 

– Det er for å sikre at vi har nok vekstkapital, seier dagleg leiar Jon Olav Ødegård i Hofseth Biocare om kva lånet skal brukast til.

Hofseth Biocare har meir enn dobla inntektene frå 2022, til 265,5 millionar kroner i 2024, men hadde også eit tresifra millionunderskot i fjor.

Selskapet vidareforedlar avskjær og anna restråstoff frå lakseslakteri til produkt som blir brukt i kosttilskot og kjæledyrfôr. Hovudkontoret ligg i Ålesund medan dei to produksjonsanlegga ligg i Midsund og på Berkåk.

På Berkåk er selskapet i ferd med å førebu ei stor utviding av produksjonsanlegget.

Publisert: 05.05.2025 15:32

Sist oppdatert: 05.05.2025 15:32