Kort fortalt

Hofseth satsar i Sveits

Hofseth Biocare opprettar sveitsisk datterselskap.

17.09.2021

Hofsseth Biocare opplyser i ei børsmelding at selskapet har tilsett Tanja Schaffer som direktør for Hofseths sveitsiske dotterselskap HBC Switzerland GmbH.

Selskapet opplyser at satsinga i Sveits er i tråd med selskapets internasjonale strategi, og der Sveits er allment anerkjend som eit stort knutepunkt for bioteknologi og biovitskap. Hofseth meiner at å vere på plass i Sveits vil vere ein stor fordel for Hofseths partnerskap med leiande globale aktørar med base i landet, i tillegg til at Hofseth kan tilby talent og andre tilsette ei mulegheit til å engasjere seg utanfor Norge.

Sveits-kontoret skal i utgangspunktet levere tenester til Hofseth Biocare innan marknadsføring, sal og organisasjonsutvikling.

Publisert: 17.09.2021 09:40

Sist oppdatert: 17.09.2021 09:47

Mer om