Lift
ULSTEIN: Beslag & Ventilasjon leiger ut ulike typar lifter. Foto: Beslag & Ventilasjon
Kort fortalt

Hopp for lite Ulstein-firma

Selskapet Beslag & Ventilasjon omsette for 4,9 millionar kroner i fjor.

25.04.2023

Selskapet vart starta opp i 2007, og driv med liftutleige, i tillegg til beslag, pipekledningar og ventilasjon.

Heilt sidan 2013 har omsetninga variert mellom fire og fem millionar kroner. I 2022 vart det eit hopp på 0,5 millionar frå året før.

Oskar Grimstad eig 50 prosent av selskapet, Dag Ulstein Kristensen 40 prosent og Jan Kåre Sandvik 10 prosent.

Samla eigenkapital er på 0,9 millionar kroner, og langsiktig gjeld 2,6 millionar.

Beslag & Ventilasjon
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 4,9 4,4
Driftsresultat 0,3 0,5
Resultat før skatt 0,2 0,4

Publisert: 25.04.2023 10:00

Sist oppdatert: 25.04.2023 04:14