Hotella ser lyst på sommaren
Kraftig auke i bookingane.
(NPK): Sommarsesongen ser lovande ut for hotella. Førehandstingingane har auka kraftig.
– Det ser veldig lovande ut. Viss vi er heldige kan denne sommaren bli betre enn 2019, seier hotelldirektør Kjetil Smørås ved De Bergenske hoteller i Bergen til NRK.
Bergenshotella er tilbake til normalen og vel så det etter to pandemiår. Men også for andre norske hotell ser sommarsesongen lovande ut, viser tal som NHO Reiseliv sit på.
Tala tek også føre seg bestillingar frå eit utval hotell i småbyar og tettstader i Vestlandsregionen. Her har det vore ei dobling i bestillingar per 6. mai i år samanlikna med 6. mai i fjor.
– Vi føler at hjula begynner å rulle litt igjen, og at vi er meir eller mindre tilbake til slik vi var før pandemien, seier hotellsjef Terese Honningsvåg Kirkhorn ved Gloppen Hotell.
Hotellsjefen i Gloppen seier dei har bra med bestillingar til sommaren.
Bestillingar gjort til og med 6. mai viser at alle dei seks største hotellbyane i Noreg, inkludert Gardermoen, har langt høgare booking for juni, juli og august enn i same periode i fjor.
- Stavanger: 157 prosent høgare bookingnivå samanlikna i fjor
- Gardermoen: 372 prosent høgare
- Oslo: 266 prosent høgare
- Bergen: 177 prosent høgare
- Tromsø: 102 prosent høgare
- Trondheim: 46 prosent høgare
- Kristiansand: 44 prosent høgare
Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, gler seg over tala.
– Dette unner eg verkeleg alle dei reiselivsbedriftene som har hatt det utruleg tøft, og som har jobba beinhardt for å reise seg igjen, seier ho til kanalen.
(©NPK)
Publisert: 09.05.2022 14:49
Sist oppdatert: 09.05.2022 14:51