Kort fortalt

Hotellsjef vil ha rutebåt til Ona

Har problem med å takle ferierushet.n

NPK
28.07.2021

(NPK): Med ein stor del av befolkninga på Noregs-ferie, har lokale ferjesamband merka det på kapasiteten. Ein hotellsjef ønskjer å starte rutebåtdrift for å gjere noko med problemet, ifølgje Sunnmørsposten.

Utanfor Ålesund går ferjesambandet Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona. Dette er ei av ferjene der reisande har blitt ståande igjen på ferjekaia, til frustrasjon for både fastbuande og ferierande.

Magnus Kalvøy, hotellsjef på Ona og Finnøy havstuer, er glad for den auka populariteten regionen har fått. Likevel har populariteten sin pris.

– Når vi pratar med både lokalbefolkning og dagturistar blir det tydeleg at mange blir misfornøgde dei dagane det smell. Vi har prøvd å stille opp med det vi kan ved behov, men det hadde vore ideelt med faste ekstraruter, fortel han til avisa.

I den mest hektiske perioden har hotellet stilt opp med avlastingsturar, men hotellsjefen meiner det ikkje er nok. Kalvøy seier dei treng fleire faste ruter i fellesferien, slik at folk skal sleppe å stå igjen på ferjekaia.

Neste månad skal han starte dialog med fylkeskommunen om moglegheita for oppstart av rutebåt til øyane.

(©NPK)

Publisert: 28.07.2021 09:24

Sist oppdatert: 28.07.2021 09:34

Mer om