Frå søndag blei hotell- og restaurantstreiken trappa opp med 1161 nye Fellesforbundet-medlemmer. Også Parat har fleire av sine medlemar ute i streik.
Medan streiken så langt har ramma bedrifter i større byar som Oslo, Trondheim, Bergen, Sandefjord og Tromsø, er turen no kome til fleire mindre plassar.
På Nordvestlandet er det mellom anna teke ut tilsette ved Nor Facility sine kantiner for Vard i Brattvåg og Søvik, i tillegg til hotelltilsette i Ulsteinvik (sjå liste under).
Striden står mellom NHO Reiseliv og fagforeiningane Fellesforbundet og Parat, som krev reell lønnsauke og forskotering av sjuke-, foreldre- og omsorgspengar for tilsette i hotell- og restaurantbransjen.
NHO Reiseliv opplyste før helga at viss Fellesforbundet og Parat vil komme dei i møte, er dei klare for samtalar for å få slutt på konflikten.
Desse har Fellesforbundet teke i streik på Nordvestlandet:
- 18 medlemar ved Hotel Ulstein, Ulsteinvik
- 3 medlemar ved ISS Serveringspartner AS avd Subsea7, Vigra
- 2 medlemar ved ISS Serveringspartner AS avd Kantine NCC, Ålesund
- 2 medlemar ved Nor Facility AS Avd Sparebank 1 SMN, Ålesund
- 6 medlemar Ålesund ved Nor Facility AS avd Vard Brattvåg, Brattvåg
- 16 medlemar ved Nor Facility AS Vard Søviknes, Søvik
- 4 medlemar ved Stad Hotell AS, Stadlandet
- 18 medlemar ved Toma Camps i Tomrefjord
Publisert: 04.05.2026 11:06
Sist oppdatert: 04.05.2026 11:06





