Kort fortalt
Hovdenak ny fylkesdirektør
Vedteke i fylkestinget måndag.
Marius Rosbach
19.09.2022
Fylkestinget vedtok måndag å tilsette Toril Hovdenak (53) frå Molde som fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal, ifølgje ei melding frå fylkeskommunen.
Hovdenak er i dag kommunedirektør i Rauma kommune og har tidlegare vore administrerande direktør i Bussbygg i Molde.
Ho har utdanning frå Høgskolen i Molde med økonomi og administrasjon og jusstudiar og ein MBA frå Siviløkonomutdanninga i Bodø.
Publisert: 19.09.2022 12:35
Sist oppdatert: 19.09.2022 12:38