NPK: I Stavanger må ein ut med 899 kroner per kilo for hummar. Hobbyfiskarar merkar den rekordlåge bestanden.
Eileiv Kloster er pensjonert yrkesfiskar og har henta hummar frå Jøsenfjorden i Rogaland i fleire år, skriv . I år har han fått åtte stykke på 73 teiner over tre netter, medan han tidlegare har fått opp mot 125 på ei natt.
– Eg hadde teinene på det eg hadde rekna som dei beste plassane, men resultatet var skuffande, seier Kloster.
Dagleg leiar på Fisketorget i Stavanger, Lars-Erik Lunde Kristiansen, seier prisen har gått opp med 10 til 15 prosent sidan i fjor. Kundane må no ut med 899 kroner for ein kilo ukokt hummar.
– Vi får framleis tak i hummar, men prisen er veldig høg, seier han. På grunn av høg pris tek han inn færre humrar enn vanleg.

(©NPK)
Publisert: 08.10.2019 13:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32