Hurtigruten flaggar om skip
179 sjøfolk får norsk tariff. – Betyr veldig mykje for oss, seier hovudtillitsvald.
(NPK-NTB): Hybridskipet MS Otto Sverdrup seglar langs norskekysten frå Hamburg på si første segling med 179 nye norske maritime arbeidsplassar om bord og 12 nye maritime lærlingplassar.
Det skjer i samband med at skipet skiftar operatør frå HX (tidlegare Hurtigruten Expeditions) til Hurtigruten i Noreg, og skipet er flagga inn til det ordinære, norske skipsregisteret. Dermed er alle tilsette om bord underlagt den norske arbeidsmiljølova og norske tariffavtalar, opplyser reiarlaget i ei pressemelding.
– Viss vi vil unngå at gigantiske cruiseskip seglar inn til norske fjordar og byar utan å leggje igjen noko særleg lokalt, må det stillast strengare krav til lokale arbeidsplassar og lokale ringverknader. Det gjennomfører vi no i praksis ved å flagge MS Otto Sverdrup «heim», seier administrerande direktør Hedda Felin i Hurtigruten i meldinga.
– Betyr veldig mykje for oss
Hovedtillitsvalgt Jørn Lorentzen for Norsk Sjømannsforbund i Hurtigruten, seier at dette er ei kjempesak.
– At dei flaggar om betyr veldig mykje for oss. I staden for å ha 10–15 norske tilsette om bord blir heile besetninga norsk, seier han til Frifagbevegelse.
Endringa skjer fram til regjeringa kjem med sitt lenge lova lovforslag om norske lønns- og arbeidsvilkår i norsk farvatn og på norsk sokkel.
– Strengare krav til lokale arbeidsplassar
Reiarlaget meiner norske selskap må styrkjast i møte med dei utanlandske cruisegigantane. Saman med LO og sjømannsorganisasjonane har Hurtigruten jobba for ei lov som krev norske lønns- og arbeidsvilkår for utanlandske cruiseskip.
Ei ny lov om arbeidsvilkår i norsk farvatn har lenge vore til vurdering hos regjeringa. Reiarlaget Hurtigruten etterlyser fortgang i prosessen.
– Høyringsforslaget frå regjeringa har store hol som i praksis vil forverre konkurransesituasjonen for Hurtigruten og dei norske sjøfolka våre, medan dei store utanlandske aktørane kan halde fram tilnærma som før. Vi håpar det kjem på plass strengare reglar raskt som gagnar den maritime næringa i Noreg, og at vi og andre kan oppbemanne med endå fleire norske arbeidsplassar, seier Felin.
(©NPK)
Publisert: 24.01.2024 10:10
Sist oppdatert: 24.01.2024 15:01