Hurtigruten i normal drift
Igjen mogleg å besøke skipa.
(NPK): Hurtigruten Norge lettar på koronatiltaka sine i tråd med at regjeringa har fjerna covid-tiltaka nasjonalt.
– Når samfunnet no går tilbake til ein normal kvardag fjernar vi også dei fleste tiltak på skipa våre, som betyr ei enklare reise for lokalpassasjerar. At fleire internasjonale gjester kjem tilbake vil merkast positivt for lokalsamfunna og lokale bedrifter, seier Hedda Felin, administrerande direktør i Hurtigruten Norge i ei pressemelding omtalt i Skipsrevyen.
Ho peiker på at lokalpassasjerar ikkje lenger må førehandstinge billett, og at det igjen er mogleg å besøkje skipa når dei ligg i hamn.
Hurtigruten Norge vil framleis ha fokus på smittevern og trygge seglingar, og vil derfor følgje FHI og Helse Noregs retningslinjer for testing og isolasjon av sjuke personar.
(©NPK)
Publisert: 15.02.2022 12:15
Sist oppdatert: 15.02.2022 12:16