Lounge
BERGEN: Den nye loungen i Bergen. Foto: Hurtigruten
Kort fortalt

Hurtigruten først med lounge

Opner lounge i Bergen.

20.10.2021

Denne veka kjem dei første gjestane til Hurtigrutens nye gjestelounge i Bergen etter at loungen no er offisielt opna, opplyser Hurtigruten i ei pressemelding.

Loungen ligg i andre etasje i Hurtigruteterminalen, og er open for alle som skal seigle med Hurtigruten.

Loungen er på 524 kvadratmeter og har 177 sitjeplassar. Gjestane kan gå rett om bord på skipet etter å ha besøkt loungen, vert det opplyst.

Publisert: 20.10.2021 10:01

Sist oppdatert: 20.10.2021 10:08

Mer om