Kort fortalt

Hurtigruten nærmar seg det normale

Aukar no gjestekapasiteten.

NPK
01.10.2021

Etter at regjeringa i førre veke fjerna koronarestriksjonane, nærmar Hurtigruten seg normaldrift i tide til nordlyssesongen.

– Vi er glade for å få moglegheit til å gi fleire gjestar opplevinga av å segle langs kysten, ikkje minst å få oppleve nordlyssesongen, seier administrerande direktør i Hurtigruten Norge, Hedda Felin, i ei pressemelding.

Hurtigruten vil auke gjestekapasiteten på skipa sine, samstundes som utfluktene på land gradvis vil gå tilbake til det normale. Felin peiker på at dette vil gi lokale ringverknader i dei hamnene der Hurtigruten seglar.

– Auka kapasitet og fleire utflukter på land er gode nyheiter for lokalsamfunn, lokale leverandørar og reiselivsbransjen langs kysten, seier han.

Publisert: 01.10.2021 14:07

Sist oppdatert: 01.10.2021 14:08

Mer om