Kort fortalt

Hurtigruten vurderer å flagge ut fleire skip

Mest filippinarar på Roald Amundsen.

01.10.2019
NPK-NTB: Hurtigruten vurderer å flagge ut fleire skip slik at dei kan segle utan norsk besetning og i staden ha utanlandske arbeidarar, skriv Klassekampen.
Hurtigruten vurderer ulike flaggstatar for minst fire av skipa sine, skriv Klassekampen. Frå 1. januar 2021 kan skipa til reiarlaget segle under utanlandske flagg, sjølv om dei er på ekspedisjonscruise i norske farvatn.
Kommunikasjonsrådgivar Hanne Taalesen i Hurtigruten understrekar at reiarlaget er norsk og at dei ønsker å segle under norsk flagg.
– Men samtidig vil vi måtte rette oss etter gjeldande lover og reglar, både her og andre stader i verda der vi seglar, og vi opererer i ein sterk internasjonal konkurranse. Det er i dag ikkje tatt nokon avgjerder når det gjeld ei eventuell utflagging, seier Taalesen til avisa.
Hurtigrutens nyaste fartøy, Roald Amundsen, som vart tatt i bruk i sommar, har norske 15 offiserar og eit mannskap på 70–80 personar frå Filippinane. Også fartøyet Fram har norske offiserar og utanlandsk besetning. Ifølgje Klassekampen kan det også bli slik på fire andre skip.
Hovudtillitsvalt Jørn Lorentzen i Norsk Sjømannsforbund seier at hovudkravet deira er at fartøy som opererer i norske farvatn, skal ha Noreg som flaggstat og norsk som språk og må følgje norske lønns- og arbeidsvilkår.

Publisert: 01.10.2019 09:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32