NPK: Norsk Hydro har teikna avtale med det svenske energiselskapet Vattenfall om å kjøpe kraft frå det som blir Sveriges største landbaserte vindkraftpark.
Blakliden Fäbodberget vest for Umeå får til saman 84 vindturbinar som skal gi ein samla årsproduksjon på 1,1 TWh. Hydro inngjekk allereie i fjor avtale om å kjøpe 60 prosent av dette. Avtalen gjeld i 20 år når parken står ferdig i 2021/2022.
– Krafta frå vindmølleparten Blakliden Fäbodberget vil inngå i den totale kraftporteføljen vår og bidra til å sikre langsiktig forsyning av kraft til aluminiumsverka våre i Noreg, seier informasjonssjef Øyvind Breivik i Norsk Hydro til .
Hydro har sidan 2014 inngått 14 langsiktige kraftkontraktar i Noreg og Sverige for å dekkje opp for ein langtidskontrakt med Statkraft som går ut neste år. Konsernet har som ambisjon å bruke mest mogleg kraft frå fornybare kjelder som sol, vind og vatn.
– Skal norsk industri halde fram med å vekse samtidig som vi møter klimautfordringa, treng vi å etablere meir fornybar kraftforsyning både i Noreg og Sverige, seier Breivik.

Publisert: 21.08.2019 15:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33