Kort fortalt

Hydro satsar på fiskeoppdrett

Byggjer flytande ring i aluminium.

30.08.2018
NPK: Hydro går inn i fiskeoppdrettsnæringa. Saman med selskapet Ecomerden utviklar Hydro løysingar for eit lukka oppdrettsanlegg.
Selskapa skal produsere ein flytande ring i aluminium, skriv . Denne ringen er normalt produsert i stål. Hydro meiner ein aluminiumring vil gjere merden meir effektiv og nyttig. Aluminium er godt eigna for bruk i sjøen fordi det ikkje rustar og krev lite vedlikehald, meiner selskapet.
– Ettersom Noreg er verdsleiande på aluminiumproduksjon, og også innan olje og gass, skipsbygging og oppdrett, er det bokstaveleg talt eit hav av moglegheiter for bruk av aluminium offshore, seier marknadsansvarleg Marijn Rietveld i Marine og Offshore i Hydro i ei pressemelding.
Ringen skal produserast av anlegget til Hydro i Finspång i Sverige.

Publisert: 30.08.2018 17:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37