Kort fortalt

Hydrogensatsing frå Hyundai

Skal levere hydrogendrivne lastebilar.

16.04.2019
NPK: Den sørkoreanske bil- og lastebilprodusenten satsar på å selja fleire hydrogenlastebilar i Europa. Det skal skje gjennom eit samarbeid med H2 Energy i Sveits.
Berre i Sveits skal Hyundai levera 1.600 hydrogenlastebilar innan 2025. Dei to selskapa varslar at dei vil utvida verksemda til fleire europeiske land, skriv .
– Norsk Hydrogenforum vil samarbeida med Hyundai i Noreg med mål om å gjera Noreg til eitt av dei første samarbeidslanda, seier generalsekretær Kristian E. Vik i Norsk Hydrogenforum.
Utviklinga av hydrogenteknologi i tungtransportnæringa har utvikla seg dei siste åra, og store transportaktørar i Noreg har blant anna bestilt fleire hydrogenlastebilar frå den amerikanske produsenten Nikola.

Publisert: 16.04.2019 09:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35