Kort fortalt

Hytteeiere vurderer straumsøksmål

Har engasjert advokat.

NPK
23.08.2022

(NPK): Noregs Hytteforbund har engasjert advokatar for å vurdere om dei kan gå til sivilt søksmål mot staten.

Frå 1. september vert straumstøtta auka frå 80 til 90 prosent når spotprisen er over 70 øre per kilowattime. Men om lag ein halv million hytter i Noreg er framleis ikkje inkluderte i ordninga, skriv NRK.

– Vi er dei einaste bustadane som ikkje får straumstøtte, seier Trond Hagen, som er styreleiar i Noregs Hytteforbund, til NRK.

Han har tidlegare argumentert med at «hytta er ein del av husholdningen» og difor burde vore omfatta av straumstøtta.

Noregs Hytteforbund trekk fram ei rekke lover som dei vil undersøkje om staten har brote:

  • Vannfallsrettighetsloven
  • Vassdragsreguleringsloven
  • Pristiltaksloven
  • Energiloven
  • Avtaleloven

I tillegg vil dei granske om det har vore brot på forskrifter og EØS-avtalen.

(©NPK)

Publisert: 23.08.2022 11:09

Sist oppdatert: 23.08.2022 11:11

Mer om