Kort fortalt
Hyttegrend konkurs med milliongjeld
Oppbod for Stranda-selskap.
Marius Rosbach
26.09.2023
Lien Hyttegrend i Stranda har meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett, som tysdag opna konkurs i selskapet.
Ifølgje rettspapira er det gjeld på knappe 2,7 millionar og ingen verdiar i selskapet.
Lien Hyttegrend blei starta opp tilbake i 2011 for å utvikle eit hyttefelt. Rekneskapen viser at det har vore mindre underskot i selskapet dei siste åra.
Bustyrar i saka er Camilla Maria Solbakken og første skiftesamling er planlagt 13. november.
Publisert: 26.09.2023 18:51
Sist oppdatert: 26.09.2023 18:51