Kort fortalt

Hyttesalet går ned – men nybygg går unna

Fersk statistikk frå SSB.

NPK
02.10.2023

(NPK): Etter rekordåret 2021, gjekk salet av brukte hytter ned med 34 prosent. Salet av nye hytter går marginalt opp. Dei rikaste hyttekjøparane blir like påverka av prisauke og rentehopp, meiner SSB.

11. 400 fritidsbustadar vart omsett i fritt sal i 2022. Det er ein nedgang på 5.000 frå i forhold til rekordåret 2021, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB) på nettsidene sine.

Trass i nedgangen, steig medianprisen i hyttesalet i 2022. Dette kjem av at andelen nye hytter som er selde er større, skriv SSB.

Fleire kjøpte nye hytter i 2022 enn året før.

– Ei viktig årsak til at salet av nye og kostbare hytter heldt stand, medan salet av brute hytter fall sterkt i 2022, er nok at dei som har råd til dei dyraste hyttene, ikkje blir like raskt påverka av høgare renter og kostnadsvekst, seier seniorrådgjevar i SSB, Trond Steinset.

Flesteparten av hyttene som vart selde låg i ein typisk fjellhyttekommune, der Øyer, Tinn, Sirdal, Hemsedal og Lærdal var blant dei mest populære.

(©NPK)

Publisert: 02.10.2023 11:19

Sist oppdatert: 02.10.2023 11:19

Mer om