Det kan bli færre utanlandske vogntog etter EU-vedtakID: 16153959NPK: Eit vedtak i den såkalla «mobilitetspakken», EUs nye regelverkspakke for vegtransport, kan gi færre utanlandske vogntog, seier Transportarbeiderforbundet.
– Det kan bli mindre kabotasjekøyring i Noreg som følgje av reglane, seier Leiar i Norsk Transportarbeiderforbund, Lars M. Johnsen til .
Kabotasjekøyring betyr at utanlandske sjåførar tek oppdrag i Noreg.
Johnsen fortel at EU-parlamentet går inn for at utanlandske sjåførar etter tre døgn med eit uavgrensa tal på turar i landet, må tilbake til heimlandet og vere der i 60 timar før ein kan kome tilbake. Dette vil sikre kviletid for sjåføren, sjølv om det ikkje sikrar kvaliteten på kviletida.
EU har òg bestemt at det skal bli innført ein ny type fartsskrivarar for transportkøyretøy, som registrerer køyretid og kviletid for sjåførane. Fartsskrivarane skal også registrere geografisk posisjon for køyretøyet kvar tredje time.
Tidlegare i år melde NRK at , og at det i 80 % av tilfella var sjåføren sin feil. Tala kjem frå Gjensidige forsikring. I fleire av tilfella har dei utanlandske køyretøya manglar på bildekka som at dei er for slitne, har for lita mønsterdjupne, eller ikkje er tilpassa norske vintervegar.

Publisert: 15.04.2019 13:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35