Kort fortalt

Håpar på Kina-eksport av nye artar

Norge sel 40 prosent meir sjømat til Kina i år.

Marius Rosbach
01.11.2019
Sjømat og fiskeriminister Harald Tom Nesvik håpar Norge snart kan selje nye artar til Kina etter eit møte med den kinesiske visetollministeren Zhang Jiwen.
Dei to diskuterte mellom anna eksport av nye sjømatprodukt som ikkje har kinesisk godkjenning i dag.
– Vi er i god dialog om desse spørsmåla. Eg har god tru på at oppdaterte lister skal kunne publiserast av kinesiske styresmakter i løpet av kort tid. Målet er at vi kan eksportere enda meir sjømat til Kina, både av laks, torsk og makrell, men også fleire nye artar, uttaler Nesvik i ei .
Sjømateksporten til Kina har auka med over 40 prosent hittil i år, til 3,64 milliardar kroner. Eksport av laks er dobla til ein verdi på 1,28 milliardar. Kina er den marknaden med størst auke for norsk sjømat i år.

Publisert: 01.11.2019 09:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32