Kort fortalt

Håper på sjømatklarering

Vil ha tang og tare definert som sjømat.

NPK
22.02.2022

Tang og tare kan innan eit års tid bli definert som sjømat, håpar prosjektleiar Marit Gjerstad i Norwegian Seaweed Association.

Norwegian Seaweed Association organiserer 28 bedrifter som driv med dyrking av tang og tare, også kalla makroalgar.

– Eg trur at «alle» vil tene på at tang og tare blir definert som sjømat, slik at Sjømatrådet kan byrje å marknadsføre desse produkta. Vi får draghjelp til å selje tang og tare, og Sjømatrådet får ein komplett portefølje med sjømat å marknadsføre ute i den store verda, seier Gjerstad til Fiskeribladet.

Etter det gjeldande regelverket er nemleg ikkje tang og tare definert som sjømat I fiskeeksportlova, og dermed kan heller ikkje Sjømatrådet marknadsføre sjøvekstane.

Ifølgje Fiskeribladet stilte styret i Sjømatrådet seg positiv til å få ansvaret for tang og tare då dei drøfta dette i eit styremøte.

– Styret stilte seg positiv til det, under føresetnad av at Mattilsynet og Nærings- og fiskeridepartementet reknar tang og tare å vere trygg mat for eksport, og at ei slik endring er godt forankra i næringa, skriv direktør for marknadstilgang og marknadsinnsikt i Sjømatrådet Tom-Jørgen Gangsø i ein e-post til Fiskeribladet.

Fiskeriminister Bjørn Skjæran (Ap) har overfor Fiskeribladet signalisert at departementet vil vurdere om makroalgar skal innlemmast i fiskeeksportlova som sjømat.

Publisert: 22.02.2022 16:15

Sist oppdatert: 22.02.2022 16:16

Mer om