Kort fortalt
Høg flåteutnytting for Golden Energy
Reiarlaget med marknadsoppdatering.
Marius Rosbach
06.11.2023
Golden Energy Offshore Services hadde ei flåteutnytting for sine fire skip på 96 prosent.
Det opplyser reiarlaget i ei oppdatering måndag ettermiddag.
Skipa fekk i snitt betalt 1.783 dollar per dag i løpet av oktober månad og marknaden er i betring i fleire regionar.
PSV-ane Energy Swan og Energy Empress er på faste oppdrag, medan Energy Duchess, Energy Passion og Energy Paradise er alle no i spotmarknaden med høg utnytting, ifølgje reiarlaget. Energy Paradise skal inn på fast oppdrag frå desember.
Golden Energy Offshore var mellom aksjane frå Nordvestlandet som steig måndag. Sluttkursen enda på 1,23 kroner.
Publisert: 06.11.2023 17:00
Sist oppdatert: 06.11.2023 17:00