NPK: Norsk elbilforening etterlyser betre støtteordningar for etablering av hurtigladarar for elbilar. Investeringa er så stor at mange bensinstasjonseigarar kvir seg for å gå i gang, skriv NRK.
Bensinstasjonseigar Terje Bjaanes i Askvoll i Sogn og Fjordane har lagt planane om å få på plass hurtigladarar ved bensinstasjonen sin på is. To millionar kroner for to hurtigladarar blir for mykje, og støtta på 200.000 frå Enova monnar lite.
– Eg hadde eit håp om at kalkylane skulle fortelje meg at vi kunne byggje trass dei høge kostnadene. Men det gjekk ikkje, seier Bjaanes til .
I dag finst det 1.700 hurtigladarar rundt om landet, mens Elbilforeininga meiner behovet fram mot 2025 er 8.000. Kvar fjerde elbilist ser mangel på hurtigladarar som den største utfordringa ved det å ha elbil, ifølgje ein rapport som Elbilforeininga har fått laga. Der kjem det òg fram at 86 prosent av elbileigarane har opplevd å måtte stå ladekø.
Generalsekretær Christina Bu i Norsk elbilforening etterlyser betre støtteordningar for dei som vil etablere nye hurtigladarar.
– Vi veit at dette er ein av dei største barrierane. Når folk blir spurde om kvifor dei ikkje planlegg å kjøpe elbil, så er mangel på hurtigladestasjonar ein viktig faktor. Vi må ha hurtigladestasjonar i distrikta dersom vi skal nå måla Stortinget har sett, seier Bu til NRK.
Hos Enova får NRK vite at støtteordninga er underlagd statsstøtteregelverket, som gjer at dei maksimalt kan støtte ein hurtigladar med 200.000 kroner, såkalla «bagatellmessig støtte».
Dei neste to åra skal Enova vinkle støtteordninga meir mot distrikta, i første omgang gjennom eit skippertak i Nord-Troms og Finnmark.

Publisert: 06.05.2019 10:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35