(NPK): Fiskeri- og havministeren har fastsett ein kvote på 1406 vågekval i 2025, ein auke på 249 frå året før.
– Norsk kvalfangst er berekraftig, strengt regulert, og vågekvalbestanden er i svært god forfatning. Noreg bruker effektive og dyrevelferdsvennlege fangstmetodar, og det store fiskekonsumet til kvalen påverkar økosystemet. Kvalfangst bidreg difor til balanse i havet. For å nå FNs berekraftsmål må vi òg ete meir sjømat, og kvalfangst gir sunn og kortreist mat, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding.
Det finst meir enn 100.000 vågekvalar i Nord-Atlanteren. Kvoten for i år er på 1406 vågekvalar, som er 249 fleire dyr enn i fjor. Auken kjem av ubrukt kvote frå tidlegare år, som er overført til 2025.
I 2024 deltok 11 fartøy, og fangsten var på 415 dyr. Dette er ein auke i talet på fartøy, men ein nedgang i fangst samanlikna med året før.
(©NPK)
Publisert: 11.02.2025 11:44
Sist oppdatert: 11.02.2025 11:44