Kort fortalt

Høge prisar på kongekrabbe

NPK
19.07.2022

(NPK): Det vart levert til saman 40 tonn kongekrabbe av fiskarar i Finnmark førre veke. Det viser tal frå Noregs Råfisklag. Gjennomsnittsprisen for levering av den beste kvaliteten av hannkrabbe førre veke var på 481 kroner per kilo.

Talet på deltakande fartøy er meir enn fordobla i perioden frå 2007 til 2019 og utgjer no nærare 650 fartøy. I same periode har landingane i det kvoteregulerte fisket variert frå rundt 1.000 til 2.600 tonn.

Kongekrabben er ein introdusert art i Barentshavet og har vore her i cirka 60 år. Russiske forskarar sette kongekrabben ut i Murmanskfjorden på 1960-talet for å etablere ein ny fiskeressurs. Sidan har han spreidd seg austover og vestover langs kystlinja og utover i opne havområde i det sørlege Barentshavet.

(©NPK)

Publisert: 19.07.2022 11:30

Sist oppdatert: 19.07.2022 11:31

Mer om