Høgre-nei til lakseskatt
Men seier ja til krfatskatt.
Kraftbransjen må bidra meir, slår Høgre fast. Dei støttar fleire av skattegrepa til regjeringa for vass- og vindkraft, men seier nei til ny lakseskatt.
I det alternative budsjettet sitt beheld Høgre det såkalla høgprisbidraget, der kraftselskapa må betale ekstra skatt når straumprisen er høg. Dei vil også hente inn 1,5 milliardar kroner meir av inntektene til kommunane og fylka frå såkalla konsesjonskraft enn det regjeringa har foreslått.
– Det er rimeleg at kraftbransjen bidreg meir, men på ein måte som ikkje forhindrar utbygging, seier finanspolitisk talsperson Helge Orten.
Han understrekar at høgtidsprisbidraget må avviklast i 2024.
Høgre er også positiv til grunnrenteskatt på vindkraft, men seier at dei ikkje støttar grunnrenteskatten på havbruk som regjeringa har lagt fram. Partiet vil heller ta seg tid til å finne ein annan måte næringa kan bidra med meir skatteinntekter på, og Orten nemner produksjonsavgifta. Dette er ei avgift næringa allereie betaler.
Nestleiar Henrik Asheim seier at det alternative budsjettet ville sett annleis ut, dersom dei framleis sat med regjeringsmakta.
– Det er umogleg for oss å rette opp i skatteaukar på over 40 milliardar kroner, sa han.
Publisert: 22.11.2022 12:11
Sist oppdatert: 22.11.2022 12:15