Kort fortalt

Høgre og Frp kraftig fram i Ålesund

Nytt botnnivå for Ap i måling.

NPK
10.08.2023

(NPK): Høgre og Framstegspartiet i Ålesund går kraftig fram i ei ny måling. Arbeidarpartiet får sitt dårlegaste lokale resultat nokosinne.

Høgre fossar fram i den største byen på Sunnmøre, ifølgje ei fersk måling frå Norstat. Det skriv NRK.

Hadde valet blitt avgjort denne veka, hadde det blitt blå siger. Høgre får 28,8 prosent og Frp får 22 prosent av stemmene til ålesundarane. Det utgjer reint fleirtal for dei to partia åleine.

– Dette er fantastisk og utruleg motiverande når vi no skal inn i valkampen. Det viser at folk er klare for eit skifte i Ålesund, seier ordførarkandidaten til Høgre Monica Molvær i Ålesund.

På hi sida av det politiske spekteret har Arbeidarpartiet aldri gjort det dårlegare i Ålesund og enda opp med 12,4 prosent i førre måling. Det er ein betydeleg nedgang samanlikna med lokalvalet i 2015 då dei fekk 36,2 prosents oppslutnad.

– Eg tenker at det er mange som ikkje har bestemt seg. No blir det viktig å overtyde dei. Og her ligg det mange Ap-stemmer, trur eg. Våre veljarar bestemmer seg gjerne på tampen av valkampen, seier ordførarkandidat for Arbeidarpartiet Anne Berit Støyva Emblem.

(©NPK)

Publisert: 10.08.2023 13:34

Sist oppdatert: 10.08.2023 13:34

Mer om