Kort fortalt

Høgre slit i Møre og Romsdal

Kan miste to av tre mandat.

NPK
13.08.2021

I ei ny meiningsmåling Norstat har gjort for NRK får Høgre berre 15,3 prosent oppslutnad i Møre og Romsdal. Om det blir resultatet på valdagen, misser dei to av tre stortingsplassar frå fylket.

Ved stortingsvalet i 2017 slo Høgre til som det største partiet i dette fylket med 23,6 prosent, noko som har gitt dei tre stortingsrepresentantar frå Møre og Romsdal i inneverande stortingsperiode.

– Vi var det største partiet i Møre og Romsdal ved førre val, og eg har ein ambisjon om å vere det også etter valet 13. september, seier Høgre sin førstekandidat Helge Orten til NRK.

Den store vinnaren i Møre og Romsdal på denne målinga er Senterpartiet som går fram 3,8 prosent samanlikna med målinga til NRK i juni. Dei tar med det eitt av mandata frå Høgre. Også alle dei andre partia på raud-grøn side går fram, medan alle dei borgarlege partia går tilbake.

Dersom resultatet frå denne meiningsmålinga blir resultatet i fylket blir mandatfordelinga slik: Ap: 2, Frp: 2, Sp: 2, H: 1

Møre og Romsdal har åtte mandat på Stortinget, men det siste mandatet er eit utjamningsmandat og er derfor ikkje med i utrekninga over.

Publisert: 13.08.2021 10:17

Sist oppdatert: 13.08.2021 10:18

Mer om